Informasjon til deltakarar

PingPanik UB er ein ungdomsbedrift som arranger LAN på Voss. Lanene er for folk på 8. trinn og opp til 25 år. Her kan du treffa folk med same interesse som deg. Me skal ha konkurransar, kiosk og fine premiar.

LANet er frå 5. desember 18:00 til 6. desember 12:00.

Det blir ikkje salg av energidrikk på LANet, men det er lov å ta med seg.

Me har vekter på lanet for å gjera det til ein trygg arena for alle.

Inngangspris er 150 kroner ved kjøp av billett på nett og 200 kroner ved kjøp av billett i døra. Det blir kun moglegheit for kjøp i døra om det er fleire billettar igjen. Me ønsker helst at du kjøper på forhånd for å gjera det lettare for oss å planlegga.

Foreldre til barn under 16 år er påkrevd å signera under ein eigenerklæring for å bekrefta at barnet får lov til å delta. Eigenerklæringen blir sendt som ein del av billetten etter kjøp. Om ein ikkje har moglegheit til å skriva ut billetten kan ein signera eigenerklæringen ved registrering.

Me ønsker at alle deltakarar blir med i Discord serveren vår:

https://discord.gg/44DmMxtRKQ

Pakkelista

  • PC/Spelkonsoll:
    Til PC:
    PC
    Tastatur
    Mus
    Headsett
    Kablar til alt
    Musematte
    Skjerm
    Til Spelkonsoll:
    Spelkonsoll
    Kontroller
    Headsett
    Skjerm
    Kablar til alt
  • Strømkabel
  • Nettkabel
  • Om du treng meir enn 2 stikkontaktar må du ta med utvidelseskabel.

Reglar

  • Alle under 16 år må ha med skriftleg samtykke frå foreldre eller føresette.
  • Respekter andre: Alle deltakarar skal behandla kvarandre med respekt og vennlegheit. Dette inkluderer å unngå mobbing, trakassering og diskriminering.
  • Det er alkohol og narkotikaforbod på skulen. Ved brot på dette blir ein straks vist bort frå skuleområdet, og får ikkje delta vidare på arrangementet.
  • Ingen form for vald er tillate.
  • Me står ikkje ansvarleg for deg eller utstyret ditt under arrangementet. Det vil bli slått hardt ned på hærverk og tukling med andres eller LANet sitt utstyr.
  • Av tryggingsmessige årsaker er det ikkje lov å sova andre stadar enn angitte rom
  • Deltakarar som viser dårleg åtferd, eller ikkje følgjer anvising frå vaktar, vil bli utvist frå arrangementet. Me gjer merksam på at føresette i slike tilfelle må henta barna i Gymnaset utan forseinking. Me reserverer oss retten til å nekta tilgang eller visa bort personar for heile eller deler av arrangementet.
  • Ver vennleg og ikkje bruk meir enn bordplassen du er tildelt.
  • Det er svært mykje kostbart utstyr i hallen, det er derfor ikkje tillate å springa, spela ball eller liknande i hallen, og me forventar at alle respekterer utstyret til andre.
  • La LANet sitt utstyr vera i fred.
  • Det er ikkje lov til å bruka virus/malware til å forstyrra, stela eller øydeleggja for LANet eller andre i LANet. Det er heller ikkje lov til å lasta ned piratkopierte spel eller filmar på LANets nettverk.
  • Røyking, vaping og snus blir gjennomført ute, i god avstand frå inngangen, eller på røykjeplass. Bruk oskebeger.
  • Respektar aldersgrenser for snus, røyk, esigaretter og liknande, me ønskjer ikkje at eldre deltakarar skal påverka yngre negativt.
  • Øydelegg du noko, betaler du for det. «If you break it, you buy it.»
  • Me har vakter i kantina som deltakarar kan få tak i til kvar tid, og me følgjer opp generell orden og åtferd i kantina. Me gjer inngangs- og utgangskontroll der me sjekker bagasje og billett. Dersom ein deltakar vel å forlata hallen tek me ikkje ansvar for deltakaren. Dørene låses klokka 23:00, men me kan sleppa folk inn ved hjelp av døråpnar. Det er ikkje mogleg å forlata bygget etter klokka 23:00. Deltakarar som er utanfor bygget klokka 23:00 blir kontakta på telefon for å innhenta informasjon om når me kan forventa at dei kjem tilbake.