Informasjon til foreldre

PingPanik UB er ein ungdomsbedrift som arrangerer LAN på Voss. Eit LAN er eit datatreff der folk som speler dataspel møtest for å vera sosial og å delta på konkurransar. 

LANet er frå 5. desember 18:00 til 6. desember 12:00.

Det blir ikkje salg av energidrikk på LANet, men det er lov å ta med seg, me har og vekter på lanet for å ivareta sikkerheten for alle.

Inngangspris er 150 kroner ved kjøp av billett på nett og 200 kroner ved kjøp av billett i døra. Det blir kun moglegheit for kjøp i døra om det er fleire billettar igjen. Me ønsker helst at du kjøper på forhånd for å gjera det lettare for oss å planlegga.

Foreldre til barn under 16 år er påkrevd å signera under ein eigenerklæring for å bekrefta at barnet får lov til å delta. Eigenerklæringen blir sendt som ein del av billetten etter kjøp. Om ein ikkje har moglegheit til å skriva ut billetten kan ein signera eigenerklæringen ved registrering.

Pakkelista

  • PC/Spelkonsoll:
    Til PC:
    PC
    Tastatur
    Mus
    Headsett
    Kablar til alt
    Musematte
    Skjerm
    Til Spelkonsoll:
    Spelkonsoll
    Kontroller
    Headsett
    Skjerm
    Kablar til alt
  • Strømkabel
  • Nettkabel
  • Om du treng meir enn 2 stikkontaktar må du ta med utvidelseskabel.

Reglar

  • Alle under 16 år må ha med skriftleg samtykke frå foreldre eller føresette.
  • Respekter andre: Alle deltakarar skal behandla kvarandre med respekt og vennlegheit. Dette inkluderer å unngå mobbing, trakassering og diskriminering.
  • Det er alkohol og narkotikaforbod på skulen. Ved brot på dette blir ein straks vist bort frå skuleområdet, og får ikkje delta vidare på arrangementet.
  • Ingen form for vald er tillate.
  • Me står ikkje ansvarleg for deg eller utstyret ditt under arrangementet. Det vil bli slått hardt ned på hærverk og tukling med andres eller LANet sitt utstyr.
  • Av tryggingsmessige årsaker er det ikkje lov å sova andre stadar enn angitte rom
  • Deltakarar som viser dårleg åtferd, eller ikkje følgjer anvising frå vaktar, vil bli utvist frå arrangementet. Me gjer merksam på at føresette i slike tilfelle må henta barna i Gymnaset utan forseinking. Me reserverer oss retten til å nekta tilgang eller visa bort personar for heile eller deler av arrangementet.
  • Ver vennleg og ikkje bruk meir enn bordplassen du er tildelt.
  • Det er svært mykje kostbart utstyr i hallen, det er derfor ikkje tillate å springa, spela ball eller liknande i hallen, og me forventar at alle respekterer utstyret til andre.
  • La LANet sitt utstyr vera i fred.
  • Det er ikkje lov til å bruka virus/malware til å forstyrra, stela eller øydeleggja for LANet eller andre i LANet. Det er heller ikkje lov til å lasta ned piratkopierte spel eller filmar på LANets nettverk.
  • Røyking, vaping og snus blir gjennomført ute, i god avstand frå inngangen, eller på røykjeplass. Bruk oskebeger.
  • Respektar aldersgrenser for snus, røyk, esigaretter og liknande, me ønskjer ikkje at eldre deltakarar skal påverka yngre negativt.
  • Øydelegg du noko, betaler du for det. «If you break it, you buy it.»
  • Me har vakter i kantina som deltakarar kan få tak i til kvar tid, og me følgjer opp generell orden og åtferd i kantina. Me gjer inngangs- og utgangskontroll der me sjekker bagasje og billett. Dersom ein deltakar vel å forlata hallen tek me ikkje ansvar for deltakaren. Dørene låses klokka 23:00, men me kan sleppa folk inn ved hjelp av døråpnar. Det er ikkje mogleg å forlata bygget etter klokka 23:00. Deltakarar som er utanfor bygget klokka 23:00 blir kontakta på telefon for å innhenta informasjon om når me kan forventa at dei kjem tilbake.